Kontaktskjema for kurs og konferanse på Walaker Hotell

 
 

Informasjon som er med på å hjelpa oss til å gje dykk ei best mogleg oppleving

Dette er eit utgangspunkt for vidare dialog:

 

Lengst inn i den mektige Sognefjorden ligg den idylliske småbygda Solvorn.

Her er det fred og ro som står i høgsetet, ei ypperleg råme for deg som kurs- og konferansegjest. Hotellet si historie strekk seg attende til 1640 medan familien Nitter Walaker har drive hotellet sidan 1690 (9. Generasjonar).

Me har 25 bueiningar tilgjengeleg og står klar til å gje deg ei særs god oppleving! Om behovet er større har me gode naboar som driver fysteklasses B&B!

Visste du at frå Oslo er reisetida kortare hit enn til Bergen, Stavanger eller Trondheim?

Widerøe flyg direkte til Sogndal frå Oslo (40 min.) og Bergen (35 min.)

Med buss tek turen høvesvis 6,5 timar og 4 timar.

Indre Sogn byr på mange opplevingar, og her kan nemnast i fleng:

Turløyper i Solvorn – Solvorn bygdalag har jobba godt med å setja i stand flotte løyper av ulik vanskingsgrad. Alt frå ein fin spasertur ved sjøen til toppturar er mogeleg.

Urnes Stavkyrkje – I 1130-åra vart verdas eldste stavkyrkje bygd. Ho ligg majestetisk til på toppen av bygda Urnes, berre rett over fjorden for Solvorn. Ferje kan takast frå kaia i Solvorn, rett nedanfor Walaker Hotell. Urnes stavkyrkje kom på UNESCO si verdsarvliste i 1979.

Jostedalsbreen – Innerst i Jostedalen, ein liten times biltur frå Solvorn, kan du få eit godt blikk på fastlandseuropa sin største isbre. Her er det også eit bresenter som tilbyr fleire aktivitetar for både store og små. For deg som ynskjer brevandring er det her du skal henvenda deg.

Jotunheimen Nasjonalpark ligg kun ein god times køyretur undan. Her finn du norsk natur på sitt beste, med nokre av dei høgste toppane i landet! Me kan for eksempel nemna Hurrungane, som ein ser godt frå Turtagrø.

❖ Rafting – Om du er av den tøffe typen er det i Jostedalen og Skjolden mogeleg å utforska elvane i båt.

❖ Kajakk – Noko av det finaste du kan gjera i området er å padla. På ein klar og stille sommardag kan ingenting slå ein kajakktur på Lustrafjorden. Kajakkutleige finst langs fjorden, men om du er rask har Walaker Hotell også to kajakkar samt ein kano til utleige.

❖ Nærøyfjorden – Litt lenger ut fjorden ligg Nærøyfjorden. Denne fantastiske biten med fjordlandskap står på UNESCO si verdsarvliste. Båttur er mogeleg frå Kaupanger om lag

Fjelltur med guide. Me har mange flotte turar i området, småturar så vel som lengre turar.

Andre aktivitetar

Trykk på link for meir informasjon, eller kontakt oss

Vinkurs – Me kan tilby eit utval av tema.

Full fart på fjorden – Båttur med rib.

Kulturvandring i Solvorn, med gamle lensmann.

Sykling på sørsida av fjorden – I flotte norske og bonderomantiske omgjevnader.

Krepsefiske – trekking av teiner.

❖ Konkurranse og leik – Me kan anbefala blant anna kubb, hesteskokasting, crocquet, og boccia

❖ Helikoptertur over fjord, fjell og bre.

❖ Klatring/Rapellering.